CCB.jpg

Endeleg ja til ny godshamn på Ågotnes

Hamnerådet, det øverste organet i Bergen Havn har i dag vedtatt flytting av godshamna i Bergen frå Dokken til Ågotnes i Fjell kommune.

-Eit samla hamneråd står bak denne avgjerda, sa hamnerådsleiar Jon Askeland under hamnerådsmøtet.

– Dette var eit viktig vedtak og ei naudsynt avklaring for oss. Vi kan no starte arbeidet med å planlegge ei ny og framtidsretta godshamn for heile regionen, seier  hamnedirektør Johnny Breivik.

Ein viktig føresetnad for ei ny godshamn på Ågotnes er dagens vedtak i hamnerådet om å vidareføre dagens interkommunale samarbeid(BOH) i eit felleseigd aksjeselskap eigd av dagens eigarkommunar.

Ei etablering av ny godshavn vil skje i et nært samarbeid med Fjell kommune og CCB AS.

 

Orginalt innlegg: bergenhavn.no